Bykle, Valle og Hylestad > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Open kyrkje i samband med H. M. Kong Harald V sitt dødsfall


Kyrkja sørgjer med lokalsamfunna og heile nasjonen over vår kjære konge.

Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelige hoff


Open kyrkje

  • I Valle og Hylestad kyrkjer er det ope frå kl. 10:00 - 21:00 kvar dag fram til gravferdsdagen
  • I Bykle og Fjellgardane kyrkjer er det ope vekedagar frå 15:00 - 17:00, og kl. 12:00 - 14:00 på laurdag og sundag.

I kyrkja kan du sitje i stille, be, tenne ljos og skrive ei helsing i kondolanseprotokollen. Det er sjølvsagt heilt gratis, og det er rom for alle.


Sørgegudstenester

Det vert sørgegudstenester sundag 6. september. Dei finn stad i høvesvis Hylestad kyrkje kl. 11:00, og Bykle kyrkje kl. 16:00. Alle er hjarteleg velkomne til å ta del i desse gudstenestene, kor me særleg vil minnast ein høgt elska konge.


Strømming av gravferda

Kongen si gravferd vil verte strømma på storskjerm i Bykle kyrkje, onsdag 9. september kl. 13:00. Dette er opent for alle som vil kome å sjå gravferda saman med andre, eller sjølv berre vil vere i stille denne stunda heile landet minnast kong Harald V.

Tilbake