Kyrkjelyd


Kyrkjelyd


Kyrkjelyden vår har tiltak som rommar heile livet, frå dei aller minste til dei aller eldste. Du er velkomen til å ta del i kyrkja sitt arbeid!
 

Foto: Den norske kyrkja

 

Alle er velkomne til å take del i arbeidet i kyrkjelyden vår.

  • Gjennom heile året er det gudstenester i kyrkjene i Bykle, Valle og Hylestad. Det er gudstenester to sundagar i månaden i kvart sokn, og på alle høgtidsdagane.
  • Me har andaktar på Bykleheimen annankvar tysdag, og på Valle bygdeheim ein gong i månaden.
  • Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med det musikalske livet i Setesdal, og er òg ein av dei viktigaste arenaane for kulturverksemd i regionen. Det vert halde konsertar og songkveldar i kyrkjene våre heile året.
  • Gjennom prostidiakonisamarbeidet har me fleire tiltak innan diakoni, og ei utstrakt besøksteneste.
  • Me har tiltak innan kyrkjeleg undervising og læring, kor alle døypte inviterast.